GRINDEBYGG
Tradisjonelt handverk – solid byggeteknikk
Florø Bygg er opptatt av den gamle tradisjonen med grindebygg, som er typisk for uthus på vestlandskysten – heilt tilbake til vikingtida.
Den berande konstruksjonen er sett saman av fleire grinder, som er bunde saman av langsgåeande stavar og tverrgående betar (bjelke). Samanføyingane gjer at huset låser seg ved hjelp av tyngda på huset.
Konstruksjonen til grindebygg er svært fleksibel og ein kan lage bygg med store opne flater, for til dømes garasjeport, buadører m.m.
Byggeteknikken blir mykje brukt til sjøbuer, naust, garasjer, lysthus, vinterhage, tak over badestamp og ulike driftsbygningar.
Vi tilverkar materialet / byggesettet til grindebygg i elementfabrikken vår.
Følg oss gjerne på Instagram: